Vedtaket om likekjønna vigsel har fått konsekvensar for kyrkja i Finnøy, skriv Øyposten. Kyrkjeverjen stadfestar at 17 medlemmar har meldt seg ut skriftleg til Finnøy kykjekontor etter vedtaket. i løpet av heile 2015 var det tre utmeldingar.

Etter at kyrkjemøtet vedtok at homofile kan få gifta seg i Den norske kyrkja, har Øyposten hatt tre artiklar om temaet. Den første saka skreiv journalist Oddbjørg Måland rett etter at vedtaket blei gjort i april. Då snakka ho med ein av dei to prestane i kommunen samt prosten i prostiet – og «tre på sparket». Så kom saka om kor mange som har meldt seg ut av kyrkja som eit resultat av vedtaket.

Den siste saka var eit intervju med den andre av prestane i kommunen, som har nokre reflekterte tankar rundt dette med vigsling av homofile, og kvifor han vil nytta seg reservasjonsretten.

Les alle tre sakene i vedlegget.