Denne bildekrusellen krever javaskript.

Ein rundt hundre år gammal låvebygning på Hemsedal vart brunne ned i mai. Ved å oppsøka låven nokre dagar tidlegare, kunne Hallingdølen laga denne fyldige fotoreportasjen. 

Etterslepet på vedlikehald var uoverkommeleg på låven, som er ein del av ein gard som kommunen eig. Brannvesenet fekk difor brenna ned låven i ei brannøving.

Nokre dagar før nedbrenninga svinga Bernt Ivar Bergum i Hallingdølen innom låven. Der fann han ulike teikn på den lange historia til låven. Han fann også ein leigebuar som har brukt låven som kulisse for snowboard-foto. Kombinert med foto frå bygdearkivet og bilete av nedbrenninga, vart det ein fotoreportasje som fortel mykje om historia til låven og garden. Bileta er supplert med fakta frå boka «Hemsedals slektshistorie».