Denne bildekrusellen krever javaskript.

Hallingdølens fotoreportasje frå ein heimefødsel gjorde inntrykk under LLAs landsmøte.

Signe Fuglesteg Luksengards bilete av den nyfødde babyen vart kåra til «Årets lokalavisfoto» 2017. Reportasjen vann også publikumsprisen for layout, «Årets lokalavisside 2017». Det er pappaen sjølv som har skrive reportasjen. Han jobbar til dagleg som fotojournalist i Hallingdølen.

Les heile reportasjen her.

Hallingdølen fekk også heiderleg omtale i «Årets lokalavis». Juryomtalen viser at reportasjen frå heimefødselen er eit godt døme på korleis Hallingdølen jobbar. Juryen skriv mellom anna:

Hallingdølen trekkjer fram folk på ein eksemplarisk måte. Sterke historier vert løfta fram, og løyste og presenterte slik at vi som lesarar lett heng med. Det gjeld uansett om det er snakk om nyheitssaker, større reportasjar eller meiningsartiklar. Avisa tek rolla si som vaktbikkje i lokalsamfunnet på alvor. Dei tek fatt på kritiske saker frå områda dei dekkjer, og er ikkje redde for å ta tydeleg standpunkt i leiarane. Kjeldeval og vinkling av saker gjev avisa eit sprekt preg. Juryen trur at dette er produkt som treff unge vaksne godt.

Hallingdølen legg utan tvil store ressursar ned i layout og design. Dei tilbyr lekre og delikate produkt som aviser med langt større ressursar ikkje er i nærleiken av levere. Bileta har jamt over høg kvalitet.