No kan du få hjelp til å finne relevante fakta, statistikkar, kjelder og vinklingar på lokale klimasaker. Du får også tilgang på ei rekkje bakgrunnsartiklar om temaet. 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Med Fritt Ord-støtte har Framtida.no, Energi og Klima, ABC Nyheter og Landslaget for lokalaviser starta eit stort klimajournalistikk-prosjekt. Målet er å lage kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og setje dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt.

Framtida.no og Energi og Klima skal laga artikkelseriar som blir tilgjengeleg til bruk i dei over 100 lokalavisene i LLA. Første delen av serien går inn på kva klimarisiko er, korleis vêret blir for dei ulike regionane og landsdelane våre og korleis dette påverkar alle sektorarar. Stoffet skal lagast slik at det skal vera mogleg for lokalavisene å finna lokale casar. Der me finn lokale tal, vil lokalavisene få desse.

Fleire aviser kan òg få gravehjelp til å laga god lokal journalistikk om lokal klimarisiko og klimaløysingar lokalt. Ta kontakt viss redaksjonen din har tips, erfaringar og særleg interesse av å jobba med dette prosjektet!

Dei første artiklane i artikkelserien «Lokal klimarisiko» inkl. fleire bilde og faktaboksar m.m. er no tilgjengelege for fri bruk i lokalavisene. Du finn dei her. Denne mappa blir oppdatert med fleire artiklar kvar veke.

Sunnhordland (bileta) er ei av fleire aviser som har brukt fleire av klimaartiklane til Framtida.no.

På Framtida.no kan du lese dei første sakene i serien.