Sogn Avis har registrert seg som droneoperatør. Video eller foto frå lufta eignar seg ofte godt til å illustrera lokalavissaker. 

– Dette er eit fint supplement til «vanleg» fotografering, synest Håvard Nesbø som har laga videoen som viser snøfresing av Gaularsvegen som skal opnast etter vinteren.

Droner vert stadig meir vanleg og tilgjengeleg i både pris og kvalitet. Sogn Avis har registrert seg hjå Luftfartstilsynet og har tre dronepilotar. Dei flyr to ulike droner: DJI MAVIC Pro og Phantom 4.

Alle som skal fly drone for å fotografera, må registrera seg hjå Luftfartstilsynet. Dersom dronen er mindre enn 2,5 kilo og har ein toppfart på under 60 knop, er det nok å levera inn ei erklæring på at du kjenner til reglane. Du er då i klassen RO1, og har ikkje lov til å fly utanfor direkte synsrekkevidde eller fly i mørkret.

Luftfartstilsynet har nettkurs som dei anbefalar til alle som flyg drone. Dei som fell i klassane RO2 og RO3 må bestå eksamen.