I ein artikkelserie med støtte frå Fritt Ord sette Vest-Telemark blad søkeljoset på kraftverdiane i regionen.

Vest-Telemark blad (VTB) dekkjer fleire store kraftkommunar. Vassmiljøet i kommunane er sterkt endra av kraftproduksjonen. Til gjengjeld har kommunane store kraftinntekter. Men korleis vert pengane forvalta?  

VTB undersøkte mellom anna kvar det vart av inntektene frå konsesjonskrafta som kraftkommunane har krav på. I 2009 inngjekk kommunane ein 15 år lang avtale med fylkeskommunen om at fylkeskommunen skulle selje krafta. Inntektene skulle gå til eit fond som skulle støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang. Avtalen vart vedteke med knappast mogleg fleirtal, og mange var usikre på avtalen. No har VTB grave i resultata av avtalen.

Sidan fondet var oppretta av fylkeskommunen skulle alle dokumenta vere opne. Det var likevel ikkje lett å få tak i all informasjon.

– Ingen vedtak frå dei siste tre åra var tilgjengelege, fortel redaktør Øystein Øygarden.

Det tok tid å få tak i alle dokumenta, og deretter å systematisere alt.

VTB valde å trykke lista over alle tiltak som hadde fått støtte, og alle som hadde fått avslag. I første saka i artikkelserien hadde dei seks sider med liste over alle løyvingane.

På lista fann dei mellom anna Skiforbundet, som hadde fått to millionar kroner i året for å utvikle skigreina telemark, i håp om at det skulle bli ei eiga OL-grein. VTB klarte ikkje å få svar på korleis pengane var brukt. Dei klarte ikkje å finne detaljerte rekneskap, og gjekk heilt til skipresidenten utan å få svar.

Dei fann også ut at ein næringshage på Rauland hadde fått gode signal om at dei skulle få støtte, men så kom fondsstyret med ein prinsipputtale om at dei ikkje skulle støtte næringshagar. Dette var provoserande for Rauland, som ligg i Vinje, kommunen som bidreg med mest kraftpengar inn til fondet.

Vest-Telemark blad brukte støtta dei fekk frå Fritt Ord til å hyra inn vikar. Dei var så heldige å få inn den erfarne journalisten Vidar Ystad som hadde kompetanse på feltet og kunne hjelpe til med gravinga. I tillegg hadde dei vikarhjelp i redaksjonen for å frigjere tid for to journalistar som jobba med saka.

Fritt Ord har nye søknadsfristar 20. september og 8. november 2019. Sjå Fritt Ord si søknadsrettleiing.

Av Laila Borge