Mindre personal har ført til auka medisinbruk ved demensavdelinga, fortel ein pårørande til Dølen. 

Då det opna ei ny avdeling for demente på Sundtunet i Nord-Fron, skjedde det utan at personalressursane vart auka. No har ein av dei pårørande tipsa Dølen om at han er bekymra over medisinbruken på sjukeheimen. Han meiner at kona føler seg mindre trygg etter at bemanninga vart redusert på avdelinga hennar. Ho får stadig meir angstdempande medisin.

Dølen har stilt spørsmål om medisinbruken til kommunen. Kommunen vil ikkje prioritere å undersøke korleis medisinbruken har endra seg etter opninga av ei ny avdeling. Dei fortel at dei tidvis slit med å oppfylle kravet om å bruke aktivitet framfor medisinering.

Les saka i Dølen.

Det vert brukt mykje medisinar mot psykiske lidingar ved norske sjukeheimar. Sjølv om bebuarane viser bedring over tid, er det likevel mange som held fram med å stå på medisinane, viser ny forsking. Dei som budde på større sjukeheimar brukte meir angstdempande medisinar over lang tid enn dei som bodde på mindre sjukeheimar. Les mer på Gemini.no

Les også denne saken i Sykepleien om ein inspirerande demensheim i Danmark, der dei har bytt ut medisinar med omsorg.