Foreldra til funksjonsnedsette Joakim (7) meiner at han ikkje får eit forsvarleg skuletilbod gjennom kommunen. Difor har dei laga eigen skule til han i kjellaren, skriv Gjesdalbuen.

 

 

Kristine M. Stensland i Gjesdalbuen har intervjua foreldra til Joakim. Dei har mista tilliten til skulesektoren. Verken helse eller pedagogikk er godt nok ivareteke i tilbodet Joakim får på skulen si avdeling for tilpassa opplæring (ATO), meiner dei.  – Det held ikkje at eit tilbod er tilgjengeleg om det ikkje har noko innhald, seier mora.

Ifølgje opplæringslova §5-1 har alle elevar som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet rett til spesialundervisning. Ifølgje § 5-4 skal tilbod om spesialundervisning så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Foreldra føler at ATO-avdelinga er ein oppbevaringsstad, og føler seg ikkje trygge på at dei som jobbar der klarer å sjå epilepsianfalla til sonen. Då kan han vere i livsfare. Foreldra har klaga skulen sitt opplegg inn til fylkesmannen. Fylkesmannen oppheva kommunen sitt vedtak om spesialopplæring, som dei meinte var for uklart. Les heile saka her.

I dag har Gjesdalbuen ein oppfølgjar der dei har intervjua både ordføraren og politikarar frå andre parti om situasjonen.

I 2016 fekk Ingvild Lygren i Gjesdalbuen heiderleg omtale i LLAs journalistpris for saka si om Joakim, og om foreldra sin kamp for å få den avlastinga dei hadde krav på frå kommunen. Les meir om den saka.