Før forrige kommunestyrevalg laga LLA ein mal for valgannonser, der avisa sjølv kunne selge logo-plass for lokale parti, bedrifter og organisasjonar. Gjennom desse annonsene i papiravisa oppfordra annonsørene folk om å bruke stemmeretten sin. Nokre av avisene brukte LLAs illiustrasjonar, andre la inn eget lokalt bilde som hovedoppslag i avisannonsen. Enkelte aviser kjørte valg-annonsene fleire gonger i dagane før valget, enten med dei samme annonsørene eller med nye annonsørar frå gong til gong.

LLA lager ikkje valgannonser i år, men for all del; det er lov å bruke ideen og dra inn nokre kjærkomne ekstrainntekter.

Teksten under logoene kan vere omtrent slik:

«Denne annonsen er eit samarbeid mellom lokalavisa di og lokale verksemder og organisasjonar. Vi er glade i lokalt engasjement som gjer nærmiljøet vårt endå betre. Derfor oppmodar vi alle til å bruke røysteretten sin under årets kommunestyre- og fylkestingsval.»

Her døme frå 2015, den eine frå Tysvær Bygdeblad, det andre frå Vestnesavisa.