Hanne Stedje sitt bilete av den tårevåte siste skuledagen vart kåra til årets beste i Sogn og Fjordane journalistlag.

Biletet er frå sommaravslutninga på Ljøsne skule, den aller siste avslutninga på skulen som no er nedlagt.

– Det var eit svært krevjande bilete å skulle ta reint teknisk, fordi det var ganske mørkt i gymsalen. Eg kunne ikkje bruke blits fordi eg ikkje ønskte at elevane skulle merka at eg tok bilete av dei. Dei var i ein veldig sårbar situasjon akkurat då, stemninga var nedstemt og eg ønskte ikkje å gjera vondt verre, seier fotografen til eiga avis.

Etter at ho hadde tatt biletet, kontakta ho foreldra for å få løyve til å bruke det på framsida av avisa.

«Styrken ved biletet er at du umiddelbart vert sett inn i situasjonen elevane er i, og du får god forståing for korleis dette vert opplevd av elevane,» skreiv juryen mellom anna om biletet.