Det er vel inga hemmelegheit at mange i Hallingdal og Nore og Uvdal er over snittet opptekne av motorar og ting som durar, skriv Hallingdølen. I serien «Min maskin» hyllar dei hestekreftene.



Av Laila Borge

Fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes hadde registrert at Hallingdølens saker om motor og maskinar får ekstra mykje merksemd. Derfor ville han sjå kor mykje engasjement han kunne skape med ein eigen serie om temaet. Resultatet blei det fleirmediale prosjektet «Min maskin», ein rocka serie der dei viser fram maskinane gjennom folka.

minmaskin.hallingdolen.no ligg alle videoreportasjane. Der kan du mellom anna lese om 3-åringane Marie og Mie som køyrer skuter, om 19 år gamle Sunniva som driv med rallycross og om Svein Roar (40) som styrer ein mobil kjeveknusar.

Annankvar laurdag dei siste månedane har Hallingdølen publisert nye reportasjar med fire papirsider og 2-4 minuttars videoar. Hallingdølen har fått spesielt mange tilbakemeldingar frå foreldre som seier at borna har gledd seg til å sjå kva som blir den neste maskinen i Hallingdølen.

Etter at ni av ti videoar er publisert har dei 80 000 videovisningar. Den mest sette videoen er spelt 18 000 gongar.

Sindre Thoresen Lønnes har filma, skrive og redigert dei fleste reportasjane, medan Caroline Utti har laga to. Jarle Stanes har designa logoen, medan ein animatør har gjort logoanimasjonen.

Sindre anslår at han har brukt rundt tre timar på filming og intervju for kvar reportasje. I Hallingdal betyr det ofte ein dag når ein reknar med reisetid. I tillegg reknar han ein dag til å skrive reportasjen og to dagar til å redigere videoen. Prosjektet har ført og fremst kravd tid. Ute på location har dei brukt eit speilreflekskamera med myggmikrofon til å ta opp intervju og dialog, og ein shotgun-mikrofon til å ta opp miljølyd. Dei har brukt Go Pro-kamera til å filme der dei ikkje kjem til med speilrefleks, til dømes under maskinane og tett på personane.

Videoane er publiserte på ei plattform levert av http://www.youplay.se/, ei løysing som er brukt av mange aviser. Ein betaler ingenting for systemet, og får behalde 2/3 av reklameinntektene når videoen blir avspilt frå eiga nettside.

– Der kan ein følgje med på statistikken og sjå kva tid folk faller av. Men vi veit ikkje om det har gitt oss nye abonnentar, då videoane ligg ute gratis, seier Sindre.

Han trur likevel at slike prosjekt er med på å styrke merkevara for avisa.

– Då eg kom for å lage den aller siste videoen, var det tydeleg at dei var stolte over at det var til «Min maskin», seier han.

Klikk på bildet for å lese heile reportasjen laga av Sindre Thoresen Lønnes.