Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Tre polske menn er framleis sakna etter ein fisketur i Etnefjorden for fem år sidan. Grethe Hopland Ravn i Grannar reiste til Polen for å møte nokre av dei etterlatne. Saka vart publisert på både norsk og polsk.

Ein fiskebåt med fire polske kameratar kantra og ein av dei vart funnen død. Dei tre andre vart aldri funne.

Både for politiet og lokalavisa kan det vere ekstra utfordrande å nøste opp i slike saker når dei sakna er frå utlandet. Grannar valde å sende ein journalist til Polen for å møte dei pårørande og gje historia ein ekstra dimensjon. Det førte til at fleire nye opplysningar vart kjente.

Fekk kontakt gjennom politiet
Grethe var først skeptisk til redaktøren sin idé om å reise til Polen. Men då ho fekk ta med seg ein polsk person som ho kjende frå før, valde ho å reise. Den polske reisepartnaren fungerte som både sjåfør og tolk, og viste seg å vere til god hjelp i møtet med den polske familien. Han kunne omsetje både språk og kulturelle skilnader mellom journalist og intervjuobjekt.

Grethe forsøkte først å kome i kontakt med dei polske familiane gjennom den polske ambassaden. Det var ikkje så lett. Deretter kontakta ho det lokale lensmannskontoret, som kontakta familiane for avisa. Første familie takka nei, men familie nummer to takka ja.

– Det er ganske ressurskrevjande å intervjue folk i sorg, så vi valde å konsentrere oss om ein familie, seier Grethe.

På veg til Polen fekk Grethe vite at familien ikkje trur at sonen er død. Ho hadde førebudd seg på å snakka med dei om korleis det er å ikkje ha ei grav å gå til, men i staden vart det ei historie om kvifor dei framleis trur at han er i live. Det kom mellom anna fram at nokon hadde ringt dei fleire gongar i veka, utan å gje seg til kjenne, dei første tre åra etter at sonen forsvann. Dette var nytt for norsk politi. Men norsk politi meiner framleis at dei tre sakna er omkomne, og har ikkje tatt opp att etterforskinga.

Grannar sitt besøk vart vendepunkt for familien
For familien, og ikkje minst mora, handlar alt om at sonen snart må kome heim. Mora går knapt ut av huset, fordi ho vil vere heime når sonen kjem tilbake.

Den polske mannen som var tolk for Grethe, har halde kontakten med familien etter besøket. Familien fortel at mora brått har begynt å leve litt att etter at Grannar var på besøk. Plutseleg har ho lyst til å bruke neglelakk, for første gong på mange år.

– Familien brukte tre dagar på å bestemme seg om dei ville ta imot besøk. Men då dei møtte oss vart dei tvungne til å sette ord på sorga si. Det var ei positiv oppleving for dei, seier Grethe, som trass i at det handla om ei tung sak synest at det var ei fantastisk oppleving å skrive historia.

– Det er ikkje kvardagskost å sende Grannar sine journalistar ut av kommunen eingong, så Polen er historisk. Heldige meg som fekk oppdraget. Eit sterkt møte, og veldig lærerikt. Vi har fått fin respons på både norsk og polsk artikkel, og nettrafikken i Polen har også vore aktiv, fortel ho.

Grannar har fått fleire tilbakemeldingar om at dette var ei sterk historie å lese. For mange nordmenn er «polakk» noko anonymt, men no fekk dei sjansen til å verte kjende med mannen bak eit av dei polske namna.

Grannar planlegg å følga opp med eit intervju med ei norsk dame som mista far sin på sjøen for over 30 år siden.

Her kan du laste ned pdf av saka