Putl, badn, hålka … dialekt er identitet, og suldøler kan vise fram si eiga dialekt på handlenettet sitt. Suldalsposten sitt dialekt-nett har slått godt an.

Også mange utflytta suldøler har bestilt nettet, fortel dagleg leiar Inger Johanne Vasshus i Suldalsposten.

Suldalsposten starta salet på standen sin under marknadsdagane Ryfylkedagane, og sidan har dei selt jamt og trutt av dialekt-netta.

Suldalsposten fanga opp ideen frå Bø blad på LLA-landsmøtet i vår.