SMARTKLOKKER: I badnateigen skriv Hordaland saker som er relevante for born.

SMARTKLOKKER: I badnateigen skriv Hordaland saker som er relevante for born.

Avisa Hordaland skriv om smartklokker i badnateigen. Mange born ønskjer seg slike klokker til jul.

Klokkene gjer det lett for born å få tak i foreldra, og motsett. Samstundes kan foreldra bruke klokkene til å sjå kvar borna er. Er det eigentleg greitt? spør Hordaland. Eit godt døme på korleis ein kan dekkja saker som er aktuelle og viktige for born.

Har de eigne sider for born? Før Aftenposten gjekk i gong med Aftenposten Junior, spurde dei born kva dei ønskte. Svaret var at borna ønskte seriøse saker i ei fargerik innpakking, saman med morosamt småstoff.

Born har ytringsfrihet, og er naturlege kjelder i saker der born er tema.