Kvinnheringen arrangerer bilmesse i Husneshallen i vinterferien. Dei lokale bilforhandlarane set stor pris på initiativet.

I haust inviterte Merete Lillesand dei fire store lokale bilforhandlarane på eit møte der ho presenterte ideen om ei lokal bilmesse. Det har ikkje vore bilmesse i Kvinnherad på mange år, og bilforhandlarane var svært positive.

– Dei har ikkje tid til å ta initiativ og gjennomføre det sjølv, så dei var veldig glade for at nokon andre tok initiativ. Dei brydde seg knapt om kostnadene, seier Merete.

Forhandlarane kom med gode innspel, og saman landa dei på å arrangere nybilmesse. Om vinteren er det mange nylanseringar i bilbransjen, og forhandlarane vil vise fram nokre av nyhenda. I tillegg vil dei ha fokus på trafikktryggleik, og politiet, køyreskular og gatebilklubben er mellom dei inviterte til å ha stand.

Bilforhandlarane betaler for ei pakke med utstilling, annonser og content-saker i eit annonsebilag som skal kome ut i Kvinnheringen same veka som bilmessa vert arrangert. Dei har også fått invitasjonar som dei kan vidaresende til kundane sine.

På grunn av årstida vert messa innandørs.

– Det er lurt å vere tidleg ute med å booke hall, hallane er ofte fullbooka mange månader framover, seier Merete.

Sjølv måtte ho leggje messa til vinterferien for å finne eit ledig tidspunkt. Messa skal gå over to dagar, og dei håpar at også tilreisande skal kome for å besøke messa.