Badnateigen i avisa Hordaland har seriøse saker om tema som born er opptatt av.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Kvar torsdag har Hordaland dobbeltsida Badnateigen, med journalistikk om og for born. Sara Finne og Ingerid Jordal har laga mange av sakene til Badnateigen. På LLAs landsmøte i mars delte dei ein del av sine erfaringar. Her kan du finne Sara og Ingerid sine ti tips om å intervjue born.

Tema i Badnateigen kan vere alt born er opptatt av – det vil seie alt frå alvorlege tema som nettmobbing, til meir tullete tema som promping – og alt midt i mellom, som snop, leggetider og briller. Ekstra godt fungerer det når ein kan omtale seriøse tema med humor, som då Hordaland anonymiserte sjuåringen som bryt lova når han brukar ståbrettet sitt.

Målet med Badnateigen er å få fleire unge lesarar som kan be foreldra kjøpe avisa, og som kanskje sjølv vil kjøpe avisa ein gong i framtida. For å vekkje interessa hjå borna, må avisa innehalde stoff borna interesserer seg for.

– Viss du ikkje ser delar av di eiga verd gjenspegla i avisa, vil du ikkje vere interessert. Sjølv les eg ikkje aviser der alle kjeldene er menn i dress, påpeiker fotojournalist Ingerid Jordal.

Når journalistane er ute for å intervjue born, får dei ofte høyre at borna kjenner til Badnateigen.

– Det verkar som det har ganske høg status å kome i Badnateigen. Det var veldig gøy då ei jente sa «eg håper det kjem i Badnateigen, for det er det einaste eg les!», seier Ingerid Jordal, og legg til at dei også får gode tilbakemeldingar frå foreldre, besteforeldre og lærarar.

Mykje tips via Snapchat
Målgruppa for Badnateigen er born i alle aldrar fram til ungdomsskulen. I starten gjekk Hordaland ofte via skulane for å finne fram til dei unge kjeldene. Etter kvart har Snapchat vorte eit stadig viktigare kontaktpunkt ut til borna. Ein del born har Snapchat sjølv, men det er først og fremst foreldre som tek kontakt. Då Hordaland brukte Snapchat til å spørje om folk meiner at jenter bør vere rosa og gutar blå, fekk dei svar frå ei mor som skreiv at guten hennar har langt hår og leiker med dokker.

– Snapchat har redda mange badnateigar. Vi bruker det spesielt når vi har eit større tema vi vil ta opp. Nærare 2000 personar ser snappane våre, og vi får nesten alltid napp når vi stiller eit spørsmål. Vi chatter tilbake, og spør om vi kan få kome på besøk, fortel journalist Sara Finne.

Ho legg til at det vanlegvis er lettare å gå via foreldre enn via skulane, fordi lærarar og rektorar oftare er skeptiske.

– Når det er alvorlege tema har vi uansett alltid tett dialog med foreldra. Som då vi intervjua nokon som hadde mista huset sitt i brann, og nokon som hadde mista faren sin til kreft, seier Ingerid Jordal.

Ut av kontoret
Badnateigen er aldri skrivebordsjournalistikk. Her handlar det om å kome seg ut av kontoret og møte borna. Om dei er i beit for idear, dukkar det alltid opp noko om dei dreg ut på ein skule eller barnehage.

Hordaland-journalistane har også erfart at det er viktig å vere konkrete.

– Viss du skal intervjua ein gut som leiker med dokker, må du vere der med dokkene. Det nytter ikkje å stoppe han på gata og begynne å stille spørsmål om dokker, seier Ingerid.

Anten temaet er alvorleg eller leikent, kan det vere behov for å ta seg god tid saman med borna for å få eit godt intervju. Nokon gonger må ein vente litt før ungane er i modus til å bli intervjua. Det er ei treningssak, forklarer Sara Finne.

– Eg må framstå som trygg, då vert dei også avslappa. Eg må vere engasjert for å få dei til å snakke, men samtidig snakke seriøst til dei så dei forstår at det dei seier blir tatt seriøst.

Dei to synest det er veldig kjekt å intervjue born.

– Eg kjem alltid tilbake på kontoret med ei god kjensle. I motsetnad til dei fleste vaksne har dei så lyst til å kome i avisa at dei held på å døy! seier Sara.

– Det er det mest utfordrande, at du veit at nokon blir skuffa viss dei ikkje kjem med på bileta, legg Ingerid Jordal til.

Leiken layout
Tilbake på kontoret vert det ein del arbeid med både tekst, foto og layout for å lage ei dobbeltside som fengjer borna.

– Teksten er også ei treningssak. Det er faktisk vanskeleg å skrive enkelt og leikent. Ein start er å skrive korte setningar, og forsøke å ha eit munnleg språk, seier Sara.

Journalistane prøver også å skrive sitata slik dei vart sagt, og ikkje legge meir fornuftige formuleringar i munnen på borna.

Det som tek mest tid kan vere å lage ein kreativ presentasjon. Dei prøver å tenka utanfor boksen og krydra sakene med morosame detaljar og småstoff, og dei passer på å ha tid nok til å more seg med jobben.

– Dette skal vere overskotsjournalistikk, ikkje noko ein berre klemmer ut, seier Ingerid Jordal.

 

Journalist Sara Finne intervjuer born. Foto: Ingerid Jordal.