Førre veke hadde bladet Tysnes 25 temasider om ungdom og utdanning. Der fekk lesarane bli kjent med ulike interessante utdanningar og yrkesval. 

 

Ein student fortel om studenttilværet, «tarebøndene» fortel om arbeidsdagen sin, og avisa har vore med to kokkelærlingar på ein travel arbeidsdag. Dei har også vore på oppdrettsanlegget for å møte ein lærling i akvakultur, og på industriarbeidsplassen for å møte automasjonslærlingar. Lesarane får dessutan svar på kva utdanningsløp landets yngste ordførar hadde før han blei politikar på heiltid.

Sjå nokre av reportasjane.

Kanskje kan dette hjelpe ungdommane å peile seg ut ei retning? Det er nemlig framleis mange 10.-klassingar som er usikre på kva dei skal velje. Sjå Os og Fusaposten si sak om temaet.

Her kan du sjå døme på utdanningssaker frå i fjor frå avisene Øy-Blikk, Vestavind, Nye Troms og Avisa Lofoten.