Bømlo-nytt satsa på web-tv for ungdom med serien Ung&Aktiv. Serien vart produsert i samarbeid med fem gutar frå Bømlo Tensing. 

 

 

I vinter sende Bømlo-nytt web-serien Ung&Aktiv, der dei presenterte ulike fritidstilbod for dei mellom 10 og 18 år. Målet med serien var at barn og ungdom skulle knytte kjennskap til avisa og lokalsamfunnet.

Den første filmen handla om motocross. Den actionfylte aktiviteten vart framheva med sprek filming og musikk.

Journalist og initiativtakar Stine R. Rørvik var ute i anna ærend då ho fekk vite at Ten Sing Bømlo hadde ei eiga mediegruppe. Då kom idéen om å samarbeide med målgruppa om ein filmserie.

Marknadsavdelinga gjekk tidleg i dialog med redaksjonen om serien, og valde å prøve å få ein sponsor til kvar episode. Dei fekk ein trailer av første episode som dei kunne vise til aktuelle kandidatar, og fekk raskt ja frå dei første dei tok kontakt med. Sponsorane fekk også ei annonse på nettavisa som dei kan bruke i løpet av 2018. Sponsorinntektene dekka meir enn det dobbelte av utgiftene med serien.

Bømlo-nytt fekk heiderleg omtale i LLAs marknadspris 2017. Juryen skriv:

Gjennom nettserien Ung & Aktiv klarer Bømlo-nytt både å bygge bru til unge målgrupper – og integrere annonsørane i produktet på ein fin måte. Lokalavisa sin nettserie er aktuell, samtidig tar Bømlo-nytt samfunnsrolla si alvorleg gjennom å visa fram fritidstilbod for barn og unge. For nettserien Ung & Aktiv, fortener Bømlo-nytt heiderleg omtale i LLAs marknadspriskonkurranse 2017.

Bømlo-nytt vann også videoprisen 2017 for Ung&Aktiv under vinterkonferansen til Haugesund journalistlag.