Denne bildekrusellen krever javaskript.

Hallingdølen fekk totalt sju prisar under Buskerud Journalistlags prisutdeling i april. Her kan du bla i nokre av avissidene som vann prisar.

I kategorien beste avisside fekk Hallingdølen pris for heile fem av sine innsende sider. Over kan du bla gjennom tre av reportasjane: jegersaka «Vis meg børsa di», saka frå jubileumsavisa om lokale jubilantar og fotoreportasjen om brøytemannskapa som sto på trykk i vintermagasinet. I tillegg fekk dei prisen for reportasjane «Minneryddarane» og «The Asle Sorbel ride».

Avisa vann også fire av fem foto-klassar, samt videoprisen for 2016, og pris for årets snakkis, med kommentaren «Eg berre spør» av Arne O. Lindahl. Det var denne kommentaren som sette Hemsedalssaka på agendaen både politisk og i det nasjonale nyheitsbilete.