Anita Haugland i Sunnhordland fekk fotopris av Haugesund Journalistlag for biletet til høgre.

Anita Haugland i Sunnhordland vann Haugesund Journalistlag sin fotopris for biletet sitt av Marit Bjelland, som etter ein hjarteoperasjon i 1999 vart avhengig av smertestillande. Anita Haugland fekk prisen for eit bilete av Bjelland i ein kvardagssituasjon med hunden sin Zita. 

Anita Haugland seier til eiga avis at ho er glad for at nettopp dette biletet får ekstra merksemd, etter at Marit Bjelland stilte opp for å visa andre at det finst håp sjølv om ein er langt nede.

Ifølgje juryen har Haugland mellom anna klart å fanga ein nær og ekte augeblink utan å verka påtrengjande.

Her kan du bla gjennom heile reportasjen:

Denne bildekrusellen krever javaskript.