Valfagsklassen Media og informasjon på Os ungdomsskule har fått i oppdrag å laga ungdomsreportasjar for Os og Fusa TV.

Os og Fusaposten har kursa elevane ved eit par høve og saman kome fram til namnet på redaksjonen og korleis dei skal jobba med dette.

– Redigeringa gjer me her på huset, men med dei ulike gruppene tilstades under redigeringa, slik at dei får eit innblikk/opplæring i dette også, fortel redaktør Jostein Halland i Os og Fusaposten.

Sjå den første reportasjen til ungdomsredaksjonen her: